NÅ YOGA

Når du er til stades her og no, vil du kjenne på klarhet med ein følgande naturleg flyt, som guider bevegelse, pust og måten vi begveger oss gjennom det daglege livet.



Kva er yoga? (kort fortalt)

Yoga er ein heilskapleg praksis som handlar om samspelet mellom kropp, pust og sinn. Det er ein tradisjon med røter i India, som gjennom tusenvis av år har utvikla seg i mange ulike retningar og former.

Den fysiske delen av yoga består av ulike stillingar og rørsler som kan bidra til styrke, bevegelegheit, balanse og betre kroppsbevisstheit. Pust, konsentrasjon, meditasjon og avspenning er også sentrale delar av yogapraksisen.
I dag blir yoga praktisert på mange ulike måtar, frå fysisk krevjande praksis til rolege former med fokus på pust, avspenning og tilstedeværelse. For mange kan yoga vere ein måte å ta vare på både kroppen og sinnet, og skape eit lite pusterom frå kvardagen.
Yoga passar for alle, uansett alder, erfaring eller kor mjuk du er. Du treng ikkje vere fleksibel eller i god fysisk form for å starte. Gjennom regelmessig praksis kan du utvikle styrke, bevegelegheit, balanse og kroppsbevisstheit, samtidig som du får tid til å roe ned og vere til stades.
Det handlar ikkje om å prestere eller gjere alt perfekt, men om å møte kroppen slik den er akkurat no.



Din instruktør
Eg heiter Rebekka, og starta med yoga for nokre år sidan då eg sleit med sterk indre uro.
Eg starta smått, med korte økter kvar morgon, og merka raskt korleis yoga gjorde det lettare å finne ro, puste og fokusere. Det som starta som ein måte å roe sinnet på, har etter kvart blitt ein viktig del av livet mitt - ein stad for klarheit, tilstadeværelse og styrke, både på matta og i kvardagen.
No ønsker eg å dele denne moglegheita med andre - anten du ønsker å sleppe stress, finne meir ro eller berre ta ein pause frå kvardagen.
Eg er sertifisert yogalærar med 200YTT frå Rishikesh i India, og er no i starten av mi reise som instruktør.
Du kan og følge meg på instagram: n.a.yoga
Back to Top